Toalett vesker av bordbrikker. Sy beskrivelse /Tutorial


Kva gjer ein når ein vinn  10 bordbrikkene på  ein basar?


Jo, då bruker ein fantasien og syr toalett vesker!


Kjøpte svart m/ lilla stoff på 
butikken " Trapp ned i Førde".


Aplikasjon av hjerter.

Teikn hjerte på flisofix. 
Stryk flisofix på det mørke stoffet.
Klipp ut hjerte.
Riv av  papiret på flisofixen 
og stryk hjertet på bordbrikka.


Sydde fast hjerte med symaskin.
 Brukte "tungesting".


Sy på eit mindre hjerte, på same måte.

,

To hjerte applikert på toalettveska.

Glidelås:


Sy på glidelås.
Bruk glidelåsfoten på symaskina.
Har du ikkje slik fot, bruk den vanlige syfoten.

Sy ein  stikkning langs glidelåset.


Glidelåset er sydd fast i kort endane av bordbrikka.
Bordbrikka har  vorte til  ein sylinder. 
Legg arbeidet flatt.
La glidelåset ligge minst  2 cm ifrå øverste bretten


Vreng  toalettveska.

Sy att og fram over endane på glidelåset. 
Klipp vekk evt. ekstra ender av glidelåset.
Pass på! - at glidaren til glidelåaset er godt innanfor  sidene!
- Glidelåset må vere litt åpe for å få  forsida vrent ut igjen.

Sy vidare!


Sy saum på  begge sider av toalettveska.


Brett ut  dei to hjørna nede, 
som to "øyrer".


Lag ein strek på tvers av saumen .
Ca 3 cm ifrå bretten ved botnen.


Sy ein saum, over der du har merka.




Begge hjørne er sydd.

Vreng toalettveska. 


Toalettveska på innsida.



Eg  lar berre øyrene ligge slik inne i toalettveska.
Ein kan evt feste "øyrene "   med å sy  dei fast for hand ned i botnen.




Hjørne og sidesaum på utsida.


Ti ferdige toalettvesker - til  gåver og  utlodding på neste basar .








Kommentarer

Populære innlegg