Babyteppe og pute i Lappeteknikk - Log Cabin, Sybeskrivelse /Tutorial






BABYTEPPE

Teppet er ca 31" x 37".

Skjer kvadrat, som skal vere i midten av lappane;
20 stk.:  2,5" x 2,5" (Inch/tommer).
Bruk gjerne stoff med motiv.

  (Firkantane kan ha andre mål  men då får  teppet ein anna størrelse.
 Men alle kvadratane  må  vere like store). 


Linjalen  4,5"x 4,5"  passa ferfekt til å skjere ut stoff med dyremotiv!


Skjer remser på  2,5 " x  breida på stoffet ( frå jarekant til jarekant) i to forskjellige stoff.
Sy 10 lapper med det eine stoffet og 10 lapper med det andre stoffet.


Legg ei remse opp på kvardratet. 
Rette mot rette.
Eg byrja med å legge remsa kant i kant med kvadratet, på vensre side frå meg. 


Sy ein saum.
 Eg har brukt 1/4 " saumrom /sømrom/ sømmon .
Eg har brukt syfot  94D frå Bernina og  " Patcwork- sømfører". 
Føreren gjer det lettare  å sy ein  rett saum og ein får da eit meir  presist arbeid. 

Det går  heilt fint å bruke ein vanlig syfot for rettsøm. 
Bruk  då ein halv syfot, som mal for  saumrom. 
Symaskin- nåla må då stå i midtstille.
Legg stoffet slik at det føl kanten på høgresida av syfoten.


Klipp av remsa , brett ut og stryk.


 Legg  ein ny remse oppe ved kvardratet. 


 Legg remsa opp på kvadraet.
Retta mot retta.
Kant i kant.
Sy ein saum/ søm.


Hugs å stryke ut  saumen med  strykejarn . 


Når ein skal klippe av remsa, er det lurt å skjere med kniv og linjal. 
Hjørna skal  ha ein vinkel på 90 grader.
Då blir alle sidene rette.


Forsett på samme måte  på den neste side. 
(Til høgre på bilde).




Sy til slutt ei remse på siste side 
( her: nede).


Reinskjer lappen, slik at alle lappane blir rette og like store!


Ferdig lapp! - Remser  sydd rundt,  på alle sider,  til eit  kvadrat.
Første runde med "LogCabin/ tømmerkoie".

Dersom ein vil ha eit større teppe, kan ein forsette 
 å sy fleire slike runder med stoffremser.
Bruk gjerne andre farger.


Viss ein ønskjer å vere litt effektiv,
 kan ein bruke "samleband" metoden.
Ein legg fleire  kvadrat til ei lang stoffremse. 


Lappane  blir   så  sydd på ei remse, i ein saum.


Først sy ei lang stoffremse til den eine sida av lappane.
Skjer lappane ifrå kvarnadre,  så dei ikkje  lenger heng i hop.
Så syr ein ei ny stoffremse på  topp-sida til alle lappane.
Skjer lappane ifrå kvarandre, så dei ikkje lenger heng i hop.
Så gjer ein det samme på den neste  side. 
Og til slutt syr ein ei ny lang remse til den  nederste sida.
Då blir alle lappane ferdig samtidig.



Her er  20 lapper som er lagt  slik ein vil ha det i dette teppet. 
Har lagt  mørk og lyse lapper om kvarnadre.


Sy  fire  lapper  ihop til ei remse.
Rette mot rette, kant i kant.



Då blir det fem remser.


Sy i hop remsene.


Start med å legge to remser opp på kvarnadre og sy dei saman. 
Retta mot retta.
Kant i kant.
Forsett med å sy på dei andre remsene.


På første remse strauk eg saumane  ein veg t.d. høgre.
For andre remsa strauk eg saumane  motsett veg, t.d vestre.
Og på tredje remsa strauk eg saumane same veg som den første remsa.
Når ein gjer det slik  "låser" hjørnene seg fint og det blir ikkje klumper. 
På denne måten er det då lettare å få  fine/eksakte hjørne-treff.


Då  er alle lappane sydd i hop,  "toppen" til lappeteppe er ferdig!


Ville ha ei lys ramme på lappeteppet .


Skjer 4 remser x 10 cm  .


Legg den lyse stoffremsa langs eine sida av lappeteppet og sy ein saum.
Retta mot retta.
Kant i kant. 
Bruk samme saumrom som før!


Gjer det samme på motsatt side.
Sy så ramme  oppe og nede.


Då er "toppen" til  teppet klart!

Quilting:

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Klipp  bomullsvatt  og bakgrunnstoff litt større enn "toppen" av babyteppet. 
Legg dei tre laga opp på kvarnadre,  fest  med nåler og gjer  klar for quilting 
- sy i hop dei tre laga; framside, vatt og bakstykke.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Eg quilter med overtransportør.
Her har eg sett på ein ekstra overtransportør syfot.

Lag ein plan på korleis du vil quilte.
Teikn med ein merke -penn el kritt der du vil sy.
Pass på at det er merkepenn/ kritt som går lett vekk etterpå!
Ekstra utstyr som linjaler er lurt å bruke.
Ein kan og sy " in the Ditch"-syr ned i grøfta på sømmen.


Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.


Reinskjer  teppet  så  alle sider blir jamne og rette. 
Pass på at hjørna er  ca. 90  grader.

Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Etterpå  set ein på kanteband eller skråband.
Les om korleis ein syr på  kanteband HER.





PUTE


Sydde pute av lapper, som var  til overs. 


Du kan lese om korleis ein syr puter HER



Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.

Stoffet som er brukt til  lappeteppet, 
er kjøpt hos Primula Design, Eidsgata, Nordfjordeid.









Kommentarer

Populære innlegg