Stor kjeglenisse




 I ein stor butikk, inn i mellom  store plastikktre og julekuler sto store kjeglenisser til 1000 kr per. stk.  " Å mamma kan eg få ein slik nisse?" ropte jenta mi og peikte på nissane, som eg synest var vel  rette og "sterile" i saum  og farge . " Ein slik nisse kan jo vi sy sjølv!"  svarte eg til datter mi uten å tenke meg om!

"Som sagt som gjort!"  På første fridag, var det berre å leite fram gamle gardiner, vattfyll frå  dyner ol. stort raudt stoff, kokksgrå  filt, kvitt stoff frå  eit gammelt laken, hudfarga strech jersy, strikketråd restar i passande fargar pluss raude sløyfer.

Har ein ikkje liggande gamle gardiner og dyner m.m som ein kan bruke til  å lage ein slik stor  nisse, blir innkjøp av stoff og fyllvatt dyrt . Då kan det bli like billig   å gå på butikk  og kjøpe ein slik nisse sydd av billig arbeidskraft og billig materiale.
 Ein får då  ein glatt og fin nisse, men ingen har maken til vår nisse med rynker og  sjarm!


Vi starta med å teikne ein stor runding på ei gammal gardin. 
Dette blei botnen på "kjegle" kroppen.
Var  ikkje så nøye på om sirkelen var  så heilt rund!
 Tilpassa, klipte og sydde etterkvart, som vi såg det passa, frå botnen og oppover. 


Klipte ut rundingen.



Vrangsydde føtter/sko  av filt ...


og klipte hakk i buen, før vi vrengde skoen.



" Mamma det er viktig å lage små "dotter" av vatten før vi puttar vatten inn i skoen!"





Dei ferdig stappa føtene/skoa vart nåla  og sydde fast  til botnen .


Vi forsette med å sy kroppen til nissen, ved å sy ein sekk som skråa inn oppe. 
Sydde så kjole  med applikerte knapper og kvit kant nede. 
Kjolen vart sydd fast   oppe på kroppen/ "Sekken". 
Vrangsydde armar, stappa dei  med vatt og festa  dei oppe på sekken.
 Vi tok all kvit og naturfarga restetråd og laga to fletter som vi sydde fast oppe på sekken.  
Nase vart  laga av ein sirkel som var snurpa ihop ved tråkling og stappa med vatt og festa oppe ved sekken.


 Så laga vi ein kjegle av  gardinstoffet til hovudet,
 Hovudet vart vrangsydd fast på kroppen med kjole, fletter, armer og nase inn i saumen.
 Opning bak i hovudet. 
Stappa heile nissen med vatt og sydde igjen åpningen bak i hovudet . 
Nissehue vart sydd og dratt godt ned over hovudet!







Kommentarer

  1. Hei!
    Så fin nisse du har laget.
    Veldig kjekt når en er sykyndig og kreativ. Blir koselig å ta frem denne nissen år etter år, tenker jeg.

    SvarSlett
  2. Såå fin!! Je sier selvgjort er velgjort:)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg