Stor kjeglenisse
"Som sagt som gjort!" På første fridag, var det berre å leite fram gamle gardiner, vattfyll frå dyner ol. stort raudt stoff, kokksgrå filt, kvitt stoff frå eit gammelt laken, hudfarga strech jersy, strikketråd restar i passande fargar pluss raude sløyfer.
Har ein ikkje liggande gamle gardiner og dyner m.m som ein kan bruke til å lage ein slik stor nisse, blir innkjøp av stoff og fyllvatt dyrt . Då kan det bli like billig å gå på butikk og kjøpe ein slik nisse sydd av billig arbeidskraft og billig materiale.
Ein får då ein glatt og fin nisse, men ingen har maken til vår nisse med rynker og sjarm!
Vi starta med å teikne ein stor runding på ei gammal gardin.
Dette blei botnen på "kjegle" kroppen.
Var ikkje så nøye på om sirkelen var så heilt rund!
Tilpassa, klipte og sydde etterkvart, som vi såg det passa, frå botnen og oppover.
Klipte ut rundingen.
Vrangsydde føtter/sko av filt ...
og klipte hakk i buen, før vi vrengde skoen.
" Mamma det er viktig å lage små "dotter" av vatten før vi puttar vatten inn i skoen!"
Dei ferdig stappa føtene/skoa vart nåla og sydde fast til botnen .
Vi forsette med å sy kroppen til nissen, ved å sy ein sekk som skråa inn oppe.
Sydde så kjole med applikerte knapper og kvit kant nede.
Kjolen vart sydd fast oppe på kroppen/ "Sekken".
Vrangsydde armar, stappa dei med vatt og festa dei oppe på sekken.
Vi tok all kvit og naturfarga restetråd og laga to fletter som vi sydde fast oppe på sekken.
Nase vart laga av ein sirkel som var snurpa ihop ved tråkling og stappa med vatt og festa oppe ved sekken.
Så laga vi ein kjegle av gardinstoffet til hovudet,
Hovudet vart vrangsydd fast på kroppen med kjole, fletter, armer og nase inn i saumen.
Opning bak i hovudet.
Stappa heile nissen med vatt og sydde igjen åpningen bak i hovudet .
Nissehue vart sydd og dratt godt ned over hovudet!
Hei!
SvarSlettSå fin nisse du har laget.
Veldig kjekt når en er sykyndig og kreativ. Blir koselig å ta frem denne nissen år etter år, tenker jeg.
Såå fin!! Je sier selvgjort er velgjort:)
SvarSlett