Redesign, kjole, jakke og hatt
Kjole i redesign
Jakke, hatt og sjerf er tilbehør.
Mitt bidrag til:
Sewalong 3, 2014 Redesign og bruk av det man allerede har.
Facebookgruppa :"Voksne Sygale"
Sjalet er sydd samman av remser med jarekant,- Eit lyst tynt gardinstoff.
Eit gamalt "Alt om Håndarbeid" (9/1994) inspirerte meg til å sy om ei jakke og sy ein hatt.
I dette bladet er det mønster på hatten.
Hatten er sydd i eit svart stoff, som eg hadde liggande i skåpa.
Hatten er fora med stoff, frå eit gamalt skjørt .
Mannen min hadde ei dressjakke med utslitt krage!
Ullstoffet var forsatt fint, så eg syntest at jakka kunne bli ein ny jakke til meg!
Tok vekk ein del stoff, oppe på skuldrane og på armane.
Sydde ny søm på skuldrane og sette på armane.
Foret på jakka måtte også tilpassast!
Tok vekk den gamle kragen og sette på ny .
Ny krage er av samme stoff eg brukte til hatten.
Det svarte stoffet brukte eg og til detajer på skuldane og framme på armane.
KJOLE:
Brukte klede, som eg hadde fått, hadde eg liggande;
Jakker, kjoler skjort , bukser m.m
Kjolen, som eg sydde av desse kleda og det svarte stoffe, er inspiret av lappeteknikk .
Først tok eg for meg den svarte og grå jakka. Kragen vart avruda og det vart vart sydd snitt i ryggen. Framstykket vart teke av og skifta ut med det svarte stoffet og stoff frå ei kåpe.
Glidelåset måtte syast i på nytt.
Eit grått skjørt og ei lys linbukse, vart til deler av kjoleskjørtet.
Deler frå ein tunika, kåpe og det svarte stoffet vart brukt til resten av skjørtet!
I skjørtet er for frå ein ein gamal kjole til mamma.
Kjolen er pynta med;
Stempeltrykk; blonder, knapper, svarte krokalisser
og stikningar langs saumar.
Stempeltrykk:
Eg stempla på eit stykke stoff frå den lyse lin buksa.
Viktig å bruke blekk som tåler vatn , slik at trykket tåler nokre ganger med vask!
Sydde fast lappen på plagget
Stryk gjerne på litt flisofix på baksida av lappen og stryke på lappen!
Som ei ramme rundt, sydde eg på ein svart krokalisse (over saumen)
Eg let det vere litt sårkant på sidene av lappen.
Då "rufser" kantene seg fin inn til krokalissa/saumen ved bruk.
"I går møtte jeg en engel
Jeg ba den om å passe på deg
Men den kom tilbake
Jeg spurte hvorfor, og den svarte:
Engler passer ikke på Hverandre"
<3
Kommentarer
Legg inn en kommentar