Kvit vinterkjole
Facebook gruppa "Vaksne sygale" arrangerte hausten 2013 Sy-along / Sew Along;
Kjolemønster nr, 2035 frå Oninon .
Dette ville eg prøve! Men tida gjekk fort! Eg fekk ikkje tida til å bestille stoff eller mønsteret. Heldigvis hadde den lokale lappestoff- butikken Primula Design kjolemønseret i salg. I skåpa på syrommet fann eg eit ull/syntetisk strech- stoff som var arva og pelstoff kjøpt på ein ferie tur til Stavanger.
Eg hadde andre planer for pelsstoffet ( som eg i dag ikkje hugsa kva var!) - men dei to stoffa i lag var perfekte til kjolen min! Pelsstoffet var brukt som armer, hals og kant nede på kjolen.
Eg vart veldig fornøgd med kjolen og fekk Fotografen Eide til å ta bilde.
Dei andre medlemane i Facebook gruppa stemte meg fram det til ein fin 2. plass.
Det har vore veldig kjekt å få så mange fine tilbakemeldinger på kjolen .
Tusen takk alle saman! Det varmer hjertet mitt og dette har gitt meg inspirasjon til å sy fleire kjoler :-)
Kjolen er sydd i ull og pelsstoff, ein varm og god vinter kjole!
Dette var mitt aller første Oninon mønster !!
Seinare har eg vorte veldig glad i desse mønstrene frå Onion.
I det siste har eg sydd fleire slike kjoler i ull frå JANUS og pelsstoff frå Fantasi (Sandane )/ Panduro.
Har slike kjole i str. M og ein i str. L for salg.
Så lenge eg får tak i stoffet kan eg sy kjolane på bestilling.
Kommentarer
Legg inn en kommentar