Hekla grønt kjøkkehandklede



Eg kom heim frå ferie med eit nytt hekla kjøkkenhandklede!



Eit lite  handarbeid er greit å ha med i veska når ein er på tur.
 Kluter eller handklede  er enkelt   og greit å hekle.

Vi har nettopp pussa opp kjøkkenet og tapeten der er grøn. 
På Søstrene Grene selde dei grøn bomullstråd, som passa veldig fint på kjøkkenet!
 Veit ikkje kva garnet heiter for nøstelappen forsvant  på veien! 
Eg brukte 2 nøster dvs.  ca. 100 g.
Eg  brukte heklenål nr. 3.

Opplegg:
Først laga eg ei   løkke , så hekla eg ei Luftmaske slik at det vart to løkker/ masker. 
Så hekla eg  ei  Fastmaske ned i den første løkka.
 Forsette med dette til opplegget  var så langt eg ville ha det, Ca. 45 cm.


HER finn du fleire bilder og oppskrift på korleis ein legg opp.

-------------------------------------

Luftmasker:
Kast  tråden over heklenåla  og dra tråden gjennom løkka. 
(Gjennta dette og du får ein snor av luftmasker.
-Akkurat som fingerheklig! ).

Fastmasker:
Ta heklenåla ned i andre maske frå nåla. 
Kast tråden over heklenåla, dra gjennom arbeidet.
Då har du to løkker/masker på heklenåla.
Ta eit nytt kast og dra tråden igjennom begge maskene på nåla. 

--------------------------------------

Då eg var ferdig med å legge opp, hekla eg vidare med Staver .
 NB!  ved kvar omgang starta eg med å hekle 3 Luftmasker, som blir rekna som  første stav.  
Neste stav skal heklast ned i 2. underliggande maske.  

------------------------------------- 

Staver:
Ta eit kast på heklenåla. 
Stikk nåla inn i underliggande maske i arbeidet. 
Ta eit nytt kast og trekk  tråden gjennom masken. 
Ta enda eit kast og dra gjennom  dei to første maskane ( av 3 masker)   på hekle nåla.
Då har  ein to masker på heklenåla.
Ta eit siste  kast på nåla og dra igjennom dei to siste maskane på nåla.

------------------------------------

Eg forsette å hekle att og fram til  handklede var så stort som eg vil ha det, ca . 45 cm langt 
 -  Ja eit kvadrat! 
Viss du vil ha handklede avlangt er det berre å hekle lenger.
Men hugs å ha  nokk  garn til kanten rundt! 
-Då  går  det med ganske mykje garn !


Kant rundt handklede:

Eg hekla ei runde/omgang rundt handklede  med   Fastmasker. 
Andre omgang  hekla eg rundt med  3 Luftmasker og 1 Fastmaske ned i 3. undreliggande maske slik at eg fekk boger rundt. 
I 3. omgang, i kvar boge  hekla eg 1 Fastmaske og 3 Staver og 1 Fastmaske rundt bogen/ luftmaskene.




Til slutt hekla eg hempe til handklede. 
Henkla ei snor av  luftmasker så langt eg  synest hempa burde vere. 
Festa enden ned i arbeidet med ei Kjedemaske.
Hekla så  mange Fastmasker  tett rundt luftmaskebuen. 
Heilt til slutt  hekla eg eg ei Kjedemaske for å avslutte arbeidet.
Eg drog  tråden gjennom løkka og festa lause tråder med ei nål. 
Sydde lause  tråder inn i arbeidet, først fram og tilbake.

----------------------------------------------

Kjedemaske:
Stikk heklenåla  ned i arbeidet .
Ta eit kast på heklenåla og dra tråden gjennom  både arbeidet  og maska på heklenåla .

------------------------------------------------

Eg vasker alle kjøkkenkluter på minst 60 grader i vaskemaskina. 
Viss klutane krymper i vask, ja då  blir dei fine  grytekluter! :-)

Kommentarer

Populære innlegg