Påskegardiner
Høner applikert på ei gardin.
Gardinene var ferdig sydde så då var det berre å:
Teikne hønene og lage mønsteret.
Teikne av alle mønsterdelane over på vlisofix.
Nb! Delane må overlappe kvaranadre, Dei bakerste delane må ligge under dei øverste delane.
F.eks. Egga må ligge under høna og det må klippast litt ekstra/sømrom der egga går under høna.
Stryke vlisofix-delane bak på stoffet og klippe ut delane.
Rive av papiret på den andre sida av vlisofix`en og stryke delane fast på gardnina.
Sy fast rundt delane med tett sikksakk søm.
Hønene vart sydd før eg hadde symaskin med fin applikasjons søm som feks. knappeholsting.
Ut ifrå skissene mine, ser eg at det har gått nokre år sidan hønene vart sydd.
Eige design få mars 2007.
Det er berre kjekt om du vil bruke hønene i ditt eige syprosjekt, men då ser eg gjerne at de legg ved link til bloggen min og liker facebooksida mi "SyOddny".
Når ein applikerer må ein vere obs på at bildet blir speilvendt når ein teikner mønstret over på vlisofix`en.
God Påske!
Kommentarer
Legg inn en kommentar