SyOddny`s toalettveske
Materialliste:
Glidelås 40cm
Karbinkrok
Toppen/ "Halvmånen" : 4 stk: 35 cm x 10 cm i stabiltstoff, evt stryk på vliselin på baksida.
Hemper: 2 stk: ca 7cm x 10 cm.
Fòr: 2 stk: 5 cm x 35 cm
1.stk. lomme 28 x 16 cm
2 stk. sidstykker 20 cm x 35cm.
Sidestykke: 2 stk. ca. 37 cm x 23 cm, skal reinskjerast til 35 cm x 21 cm
Vatt: 2.stk ca. 37 cm x 23 cm .
Evt. støttestoff under vatten.
Inkludert 1 cm saum- rom.
Toppen/ "Halvmånen" med hemper:
Sjå korleis du skal sy "Halvmånen" og hemper :
Korga/ sidestykka:
Legg vatten under hovudstoffet/sidestykka.
Quilt fast stoffet til vatten med med stoppefoten.
Nb! Hugs å senke transportøren på symaskina di slik at stoffet ikkje blir transportert.
Ved hjelp av hendene drar du stoffet dit du vil at symaskina skal sy.
Stoffet førast fram og tilbake, i sirklar osv. for hand.
Det er viktig å føre stoffet jamt og finne rette trykket på fotpedalen.
Dersom du drar fort og har liten fart blir det lange sting.
Er du hard på pedalen og drar seint blir det små sting.
Legg gjerne eit støttestoff f.eks læret under vatten.
Reinskjer sidetykka til 35 cm x 21 cm
Legg dei ferdig quilta sidestykka opp på kvarandre, retta mot retta.
Ta på igjen transportøren på symaskina di og sy vidare med vanlig syfot.
Sy sidesaumane og botnen med 1 cm saum- rom.
Ps! På bildet er det ikkje 1 cm saum-rom, dette fordi eg hadde litt knapt med stoff. ;-)
Stryk ut saumen i sidene og botnen.
Legg saumen i botnen og sida opppå kvarandre.
Sett gjerne i ei nål for at saumane skal treffe kvarandre akkurat!
Sy rett over hjørna.
Bruk gjerne den 45 grader vinkelen på linjalen til å teikne ei rett linje å sy etter.
Botnen blir breidare til lenger inn frå hjørnet du lager streken og syr.
Klipp vekk hjørnet utanfor saumen.
Begge hjørna skal syast og klippast.
Vreng korga og hjørna ser slik ut på retta:
Sy fast "halvmånen" i korga.
Side saumane på korga skal leggast midt på endane på glidelåset, midt på hempene.
Legg retta av "halvmånen" på retta av korga og sy rundt.
Les meir om korleis ein fester "halvmånen" til underdelen HER
For:
Klipp to stykker 20 cm x 35 cm og to remser 5 cm x 35 cm
Sy remsene fast oppe på sidestykka, retta mot retta.
Stryk ut saumen.
Legg sidestykka opp på kvarandre .
Sy sidene og botnen.
Stryk ut saumen i sidene og botnen.
Legg saumen i botnen og sida opppå kvarandre.
Sett gjerne i ei nål for at saumane skal treffe kvarandre akkurat!
Sy rett over hjørna.
Bruk gjerne den 45 grader vinkelen på linjalen til å teikne ei rett linje å sy etter.
Pass på at du syr like langt inn frå hjørnet som du sydde inn frå hjørnet på korga.
Sy over begge hjørner.
Klipp vekk hjørnet utanfor saumen.
Fest fòret på "Halvmånen": Sjå HER
Ferdig veske!
Toalettveska fungerer veldig godt i bruk!
Korga står stødig på benken og åpninga- "halvmånane" kan brettast ned på sida av korga og det gir god åpning og oversikt ned i toalettveska!
Så flotte trinn for trinn forklaringer. Nå har jeg skrevet ett lite innlegg og linket til bloggen din i min blogg.
SvarSlettTakka vera Sølvi har eg funni bloggen din. Her var det mykje fint!
SvarSlettKjem til å leggja deg til i blogglista mi om det er greitt.
Ha ein fin laurdag!
Så bra! Og tusen takk! Berre kjekt at du vil legge meg til lista di! :-) Ha ei fin advendtstid! :-)
SlettTusen takk for flott forklaring. Vil ha link til sida di på bloggen min.
SvarSlettTusen takk! Kjekt at du vill linke sida mi! :-) God advendtstid! :-)
SlettTack för att Du med text och bild visar oss hur Du sytt Din toalettväska,
SvarSlettDet uppskattar jag!
Dollandesign
Tusen takk! <3
SlettDen ble kjempefint.
SvarSlettTusen takk! <3
SlettSå fin toalettveske du har laget :-)
SvarSlettOg med trinn for trinn :-)
Tusen takk! <3
SlettTusen <3-lig takk alle samman ! Veldig kjekt å få slike kjekke tilbakemeldinger når eg føler meg veldig fersk i bloogverden!- Tok dessverre ei stund før eg fann desse fine kommentarane ;-) Håper bloggen min kan vere til glede og inspirasjon. Berre kjekt om de vil dele med andre og legge ved link til bloggen min!! Eg har masse idear i hovudet og mange bilder lagra på pcen så det kjem meir på bloggen etterkvart. Det går litt i rykk og napp pga av at eg slit litt med helsa . Men det er berre å følgje med ! :-)
Slett