Syalong "Vest til dame"


Her er mitt bidrag i Syalongen "Vest til dame",  på facebookgruppa "Voknse Sygale" Haust 2015. Reglane for temaet var vest med snitt, glidelås og / eller knapper, gjerne med artige detaljer. 
Valgfritt mønster. Ein måtte bruke minst to sorter stoff, det eine stoffet kunne  brukast som for.


Sjølv om eg var den heldige som fekk velge temaet, gjekk det ei stund før eg fann ut korleis eg skulle sy vesten. Eg ville gjerne sy ein dongrivest med  knapper, glidelås og nagler. 
Då eg alt har  3 dongri vester frå før, fann eg ut at eg måtte finne på noko anna!  
Fekk bli ein svart vest med glidelås, men nei, mønstra som eg då skulle klippe  etter, var vekk! 
Hadde ein draum å sy ein vest med hekla roser, men var der tid? Nei, eg skulle  jo sy og ikkje hekle! 

Eg stupte ned i boksa med kvitt restestoff og fann ut at desse stoffa passa fint samman!


Der var  både vevde og strikka stoff i ulike kvaliteter!

Svigermor si gamle gardin kunne bli til stilige  detaljer!!

Sidan det både var strech stoff og stoff i fast kvalitet viste eg at dette kunne gi meg  utfordringer.
 Men eg fann ut at det let seg gjere  med modellen  eg hadde valgt.
Mønster frå Alt frå Håndarbeid nr. 05-2005.


Dette strikka stoffet var litt gjennonsiktig,


så eg fann eit lyst mjukt ribb stoff som eg la under. 
 Eg  klipte  sidestykka dobbelt og overlocka rundt kantane, slik at dei to stoffa hang i hop i eit stykke.


Så la eg blondene opp på sidestykka, framme, og tilpassa slik at det vart likt på begge sider! 
Festa blonda ved å sy rettsaum fleire ganger over blodestoffet, følgde mønsteret i blonda.




Uforandrede å få blonda rett på ryggen!



Vesten skulle ikkje forast, men det var belegg for armane.



Prøvde å følgje mønsteret  men istaden for løpegang for snor nede på vesten, valgte eg å sy på eit bukse strikk nede på vesten, brette opp og sy ein fin dobbelstikning med tvillingnål.   
Brukte tvillingnål til å sy  stikninger og legge andre sømmer og.


 Eg droppa snor i hetta pågrunn av det fine "pels" stoffet .
 Pelsstoffet   brukte eg  til for og fin kant på hetta. 



  Istaden for å berre sy, overlokke hetta i sjølve vesten, laga eg eit belegg som skjulte sømmen.


Glidelåset vart sydd på, retta mot retta  på forkantane. Eg sydde  ein fin stikning på retta ved glidelåset. Neste gang vil eg bruke belegg på vranga når eg syr i glidelåset. Då blir det finare på vranga, ein kan dra ned glidelåset mot brystet og legge hetta ut mot skuldrane . Med denne modellen kunne eg med fordel også  klipt dobbelt forkantane,  slik eg gjorde med sidestykka.   Då ville eg ha lagt frontstykket og "foret/ribbstoffet"  retta mot retta og lagt glidelåset inn i sømmen.  Sy på vranga , brett fram glidelåset og legg "foret/ ribbstoffet" bak på frontstykket og ilag sy fast i sidestykket. Då trur eg at fontstykket ville ha vorte litt meir stabilt og glidelåset hadde vorte penare på vesten. 

Tross alt så er eg kjempe fornøgd med vesten og eg har alt brukt den kjempe mykje! 
Veldig kjekt at ei har sett vesten på ønskelista,
 men det gjenstår å sjå om eg finn samme stoff  til ein ny vest! 
Å sy kle sjølv, av gammalt og nytt  er kjempe gøy! 
Ingen andre har det samme klesplagget som deg!







Kommentarer

Populære innlegg