Vrangsy barnekjole


Korleis ein skal vrangsyr ein kjole kan vere vanskelig å forstå! I allefall synest eg det og måtte  få mora mi Sol til å vise korleis  ein gjer det. Eg deler her bilder av vår farmgangsmåte. 
Håper det er forståeleg!

Eg brukte mønster frå det tyske symagasinet "Sabrina Nähen" nr .14/2015.
Klipp ut framstykke og bakstykke i både stoff (ytterstoff) og stoff for.  Appliker hjerter el. eller sett på lommer på framstykke, ytterstoffet før ein byrja å sy ihop kjolen. Viktig å hugse at ein må stryke  kvar søm etter kvart som ein syr. 


1. Vrangsy halskant.
 Legg  begge framstykka, ytterstoff og for mot kvarandre, rette mot  rette  og sy ein søm langs halsåpninga. 

Gjer det samme med bakstykka.



Klipp hakk i sømrommet, slik at det blir lettare å vrenge over stoffa og stryke fin kant.

Vend  framstykka slik at dei  ligg med vranga mot kvarandre. Då blir sømmen  i halsen skjult. Stryk.

Gjer det samme med bakstykka; Vend bakstykka slik at dei ligg med vranga mot kvarndre. Stryk.

 2. Sy i hop på skulder: 
Skill for og frontstoff ifrå kvarnadre. 



 Legg  fronstykke og bakstykke mot kvarnadre ved skulder.  For mot for og ytterstoff  mot ytterstoff. Sy  samman først den eine skuldra og så syr ein saman den andre skuldra . NB! Pass på at sømmen rundt halsen stemmer.  Sett ei  knappe nål i sømmane slik at dei  ligg over kvarandre. Legg sømromma til halsåpninga til kvar sin vei slik at det ikkje blir så tjukt



Då er begge skuldersømmane sydd og ein vrenger kjolen  til  den ser slik ut:




3. Vrangsy armhol:
Ein vrangsyr armhola før ein syr  sidesømmane av kjolen.
Eg syr ferdig første armhol før eg syr  det andre armholet.

 Legg armhol framstykke yterstoff og for , retta  mot retta .   Eg bruker å sette nåler frå sida og jobber meg opp mot skulder søm. Så syr eg eg ein søm frå skuldersøm og ned til  sida av kjolen. Klipp hakk i sømrom. Så drar eg ut og vrenger kjolen over til retta igjen.


 Legg så armhol bakstykke ytterstoff og for, retta mot retta.  Sett nåler og jobb deg oppover.  Sy ein søm frå skuldersøm ( sy imotsatt retning av forige søm) og ned til sida av kjolen. Klipp hakk i sømrom.

Gjer det samme med den andre sida/armhol.


4. Sy sidesøm
Legg bakstykke og framstykke mot kvarndre, retta mot retta.  For mot for, ytterstoff mot ytterstoff. Sy begge sidene av kjolen. Pass på at saumane under arm stemmer, sett nål i saumane. Legg saumromma til kvar si side (Som på skulder).



Eg har overlocka sidesømmane.  På dei andre sømmane har eg berre sydd ein vanlig søm sidan desse sømmane blir gjøymt inne i kjolen  og blir skjult av stikninger .  Bruk gjerne trippelsøm dersom du syr i strech stoff. Vreng til kjolen slik den skal vere.

5. Sy stikninger


Sy stikninger/ pynte søm rundt halsåpning og armhola.

6. Legg opp kjolekant nede


Legg opp kjolen nede, eller sett på ein rynke kappe på ytterstoffet og/eller foret.

No er kjolen ferdig ! Det kjekke er at kjolen  kan brukast  på begge sider!

Sjå fleire vrangsydde kjoler HER

Kommentarer

Populære innlegg