Dongri Veske, kurs med Liv Ingunn Hovik

Du kor stilig det var med sommerfugl på baken! Dongribuksa med paljetter , stifter og  broderi, hadde eg ikkje hjerte til å kaste. Eg gjøymte buksa som ein skatt på mitt sy rom! Eg har sydd fleire dongri vesker og synest det er kjempe  gøy å lage noko nytt av avlagte dongribukser og blande dongri med anna stoff.  Men denne buksa hadde eg ikkje tørt å klippe i! Den måtte eg gjøyme til noko heilt spesielt!
 

Frå Nordfjord Lappe og Quilte klubb kom det invitasjon til Dongrivekse kurs med Liv Ingunn Holvik  frå Sandane og eg viste at dette måtte vere kurset for meg og buksa!  

Her ser du korleis veska vart på den eine sida. Denne sida skal vere inn mot kroppen når eg ber veska over skuldra.  

Og veska på den andre sida som ein gang var den flotte rompa på buksa!


Innsida av veska. Lomme med glidelås og fleire lommer for mobiltelefon, penner ol. 
Stoffet frå mamma sitt loft fann sin plass som for i veska.

Eg laga ei lang snor med karabinkrok som eg kan hekte nøklane mine i.
 Eit must for meg som aldri finn nøklane mine i veska!

 

Ei stilig veske med raude hankar  og raudt grovt glidelås kjøpt på  Primula Design.
Les meir om Dongriveske kurset HER

Ønskjer du å gå på dette kurset så  meld deg på Vestlandstreffet 16.-18. oktober 2015 .
Då kjem Liv Ingunn Holvik og held dongriveskekurs på Nordfjordeid
Invitasjon og informasjon om Vestlandstreffet . 

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg