Lukkekant. Sybeskrivelse / toturial
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21272509_1822334474446748_1013072963994170959_n.jpg?oh=cabf28c597ea84e7e5c183a83b552f36&oe=5A2743EA)
Det er fleire måter å sy lukkekant på.
Her skal eg vise den måten eg har brukt mest i mine arbeid.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21271173_1822352484444947_6489983685519222882_n.jpg?oh=6d31383c79360d344771d16654960df9&oe=5A190F96)
Skjer remser 6 -6,5 cm x stoffbredda ( frå jarekant til jarekant).
Kor brei lukkekanten skal vere er avhengig av;
Saumrom/ sømrom/ sømmon : 1/4 " - 1 cm / halve syfoten med nåla i midtstille.
og kor tjukt teppet er.
Prøv deg fram!
Til lappeteppe skjer eg stoffet etter trådretninga.
(NB! Til lukkekant på runde og bua arbeid, og kle må ein bruke skråband).
Til større teppe -til fleire remser !
Mål omkretsen til lappeteppet, pluss litt til, for å finne ut kor lang lukkekanten skal vere.
Remsene skal då skøytast /syast i hop, og ein må då skråskjere endane på remsene.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21151560_1822352801111582_4573883438338577484_n.jpg?oh=b4d172d54d8e768669ba8b3b0be536f9&oe=5A556D53)
Skråskjer remsene 45 grader i kvar ende.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21272149_1822352907778238_2713761560418131828_n.jpg?oh=ec1eec0368e66bf51d6a1824c626418b&oe=5A259573)
Bruk hjelpelinjene på linjalen.
45 grade linja ( Sjå bilde over)
eller frå hjørne til hjørne ved firkantane.
Pass på at vinkelen blir skåre rett vei slik at vinkelen går i hop med neste remse.
45 grade linja ( Sjå bilde over)
eller frå hjørne til hjørne ved firkantane.
Pass på at vinkelen blir skåre rett vei slik at vinkelen går i hop med neste remse.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21192761_1822352641111598_3640292248522996029_n.jpg?oh=2c3ab7bca5627740a5da25f11e4824e6&oe=5A5C77EB)
Legg remsene mot kvarndre.
Kant i kant ved skråskjeringa.
Retta mot retta.
Og sy ein saum.
Del saumrommet og stryk .
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21270972_1822371821109680_7960286832343283406_n.jpg?oh=587dc152a1dcb9cd468cd91f17a50170&oe=5A2B59CB)
Når ein har fått sydd endane til ei lang remse,
bretta ein remsa saman langs midten, med retta ut, stryk med strykejarn.
Sårkantene på remsa ( ikkje bretten!) blir lagt kant i kant med lappeteppet.
Lappeteppet må då vere reinskåre og ha rette kanter.
Flytt arbeidet bakover, slik at det er minst 10 cm med remse bak sy foten
( for samansying av start og ende).
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21192587_1822354187778110_3872511443272812679_n.jpg?oh=a5c8dacffa49b5acc0292e9a9ea73193&oe=5A2386CA)
Sy ein saum.
Kanten på syfoten skal følgje kanten på stoffet.
Når ein nermer seg hjørnet på arbeidet, skal ein stoppe å sy når det er like mykje igjen å sy til hjørnet som bredda til saumrom ( bredda på halve syfoten) .
(På bilde over ser du at eg har ei skråhjelpe linje på symaskina mi, som er til god hjelp.)
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21192497_1822353174444878_4308250140849107328_n.jpg?oh=cb38d8a2188d3c0c3e9eab2311fa1528&oe=5A58700D)
Stopp synåla i stoffet.
Hev syfoten, vri forsiktigarbeidet 45 grader
og sy på skrå ut mot hjørnet.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21232089_1822353357778193_6113568759825342198_n.jpg?oh=98c9d6f0d9617865c50f53de87bf97bb&oe=5A1BAE1D)
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21314829_1822353527778176_1622631240622549170_n.jpg?oh=5799653ebba854c0fcdc3284d0527d06&oe=5A5A9E88)
Hev syfoten
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21231583_1822354097778119_4909472093492151109_n.jpg?oh=a508db3e1979e4e17d0c62b2bbe4cb29&oe=5A210A90)
Her ser ein korleis det er sydd skrått ut hjørnet.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21192376_1822353607778168_2046129653644653660_n.jpg?oh=f3731b59a939779bc6e2101ac3ae2bb4&oe=5A5DD78B)
Brett bandet bak og over skråsaumen...
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21231851_1822353681111494_3800097096796165807_n.jpg?oh=2be0bc191d523483775d79ee742f3596&oe=5A5D8120)
...og fram igjen.
NB! Pass på at bretten ligg heilt kant i kant med sårkanten for hjørnet, 90 grader.
Legg så sårkanten på remsa vidare langs neste side av arbeidet.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21151319_1822353777778151_6255951752687006246_n.jpg?oh=f8975800c82d446e794eac974d9525c6&oe=5A218238)
Plaser hjørnet under syfoten.
Hugs å senke syfoten.
Forsett å sy .
Pass på at høgre side av syfoten følg kanten på arbeidet.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21232088_1822353911111471_6848181788283937158_n.jpg?oh=74621f0f22a0fb3fb3d101ea7fca622e&oe=5A18ECFD)
Fest tråden, sy att og fram, før ein syr vidare .
Sy dei tre andre hjørna på same måte.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21191854_1822354024444793_5061279156559519366_n.jpg?oh=05196855516c861d0671921164a82e25&oe=5A18FA43)
Når ein er komt rundt, stopper ein å sy eit stykke før start.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21192587_1822354187778110_3872511443272812679_n.jpg?oh=a5c8dacffa49b5acc0292e9a9ea73193&oe=5A2386CA)
No skal ein sy ihop endane på remsa .
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21151439_1822354281111434_7922672750603407761_n.jpg?oh=c357d429a48a51cf1ec1399f77a9ecaa&oe=5A56182F)
Legg remsa under starten og finn ut kor ein skal kutte slutten.
Merk med knappenåler el.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21270802_1822354484444747_620453619743725837_n.jpg?oh=979180aa2dee394ef93f3074c4e99de3&oe=5A56A8A1)
Nb! Rekn med sømrom- Derfor er knappenålene 2 x sømrom lenger nede for startenden .
Løft vekk startenden.
Då ser du kor sluttenden er markert.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21231790_1822371447776384_5919158090223055258_n.jpg?oh=29c7650acee1bb67f60273fc1c476bea&oe=5A545BF1)
Brett på skrå mellom merka.
Stryk og klipp etter skrålinja.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21151689_1822371381109724_5461106723799411913_n.jpg?oh=de72359f07270204e9d25b6e87b756b7&oe=5A5D215C)
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21270862_1822371337776395_5436284258200595101_n.jpg?oh=94ba2df8f0aa8ffb085de2f5f9cbaabe&oe=5A13923B)
Legg endane mot kvarndre.
Legg skråskjeringane kant i kant, retta mot retta.
Legg skråskjeringane kant i kant, retta mot retta.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21151396_1822371247776404_1003330272769906644_n.jpg?oh=8212608b37555cfe24812ddb2c300f07&oe=5A212FC7)
Å sy ihop endane er ikkje lett!
Vri ut remsa og sett i nokre nåler.
Aha! no kom eg på noko lurt!
Neste gang vil eg prøve lim- limstift for stoff.
Då er det kanskje lettare å sjå om ein har treft med lengd, sømrom og evt. tilpasse ;-) :-)
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21192258_1822371047776424_8976121119599619893_n.jpg?oh=5fbfcc7bf9ebaa0e24aed52677069666&oe=5A5D91E4)
Sy endane i saman.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21231910_1822371154443080_8702801882333616204_n.jpg?oh=89d4c60d699167b3bd5141ecd754dbb8&oe=5A1F9432)
Ferdig å sy i hop endane !
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21314498_1822370971109765_2086063538066117502_n.jpg?oh=76bb6c5c2dc75b87961846b4081cb610&oe=5A5ED623)
Del og stryk saumen og lukk kantebandet.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21151538_1822370851109777_1848450716909110155_n.jpg?oh=f881d8f083d1ed8c941a63f6272d9eb0&oe=5A1A83CE)
Legg kantebandet kant i kant med lappeteppet og sy resten av saumen med symaskin.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21272282_1822370634443132_2476776727144146286_n.jpg?oh=e251cf643010ac3fff4790adf5863872&oe=5A5C2B7B)
Fest tråden der du starta og slutta å sy.
Eg synest det er litt vanskelig å skøyte kantebandet.
Men øving gir mester!
Grunnen til at ein syr ihop remsene på skrå,er at det ikkje skal bli så tjukt når ein må brette stoffet fleire ganger rundt kanten.
Brett kantebandet over til baksida av arbeidet og sy det fast for hand.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21192460_1822335474446648_3511067421646156829_n.jpg?oh=f39c48e9544b8f0429508b7fd694ddd4&oe=5A1C2783)
Sy med nål og tråd.
Eg bruker skjulte sting.
__ __ __ __ __ __ __ Sting
__________________________________ Bakside
__________________________________ Kanteband
__ __ __ __ __ __ Sting
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21271368_1822335401113322_4817588434901306717_n.jpg?oh=e92ca88900bf874ae4a3d9641256185a&oe=5A25B9B0)
Ved hjørne syr eg rett fram og helit ut til kanten.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21231702_1822335344446661_9199915081576452881_n.jpg?oh=1fe1473bd117a81e4e398ee384d45684&oe=5A1A8F2B)
Brett tilbake, så ein får ein fin brett på skrå.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21230763_1822335291113333_8084830992161020630_n.jpg?oh=08cd99ec32174a9fbfea926316b13dae&oe=5A1317F8)
Forsett å sy.... heilt til du kjem heilt rundt arbeidet.
Fest tråden.
![Synnøve Oddny Torheim sitt bilete.](https://scontent-arn2-1.xx.fbcdn.net/v/t1.0-9/21231674_1822335227780006_1660125975612408846_n.jpg?oh=3e234cfab6a198b036788cda5037ca59&oe=5A1BB571)
Sjå der!- Ferdig lukkekant!
Sjå HER her korleis du syr dette lappeteppet.
Kommentarer
Legg inn en kommentar