Opplegg med heklenål
Før brukte eg å legge opp heklearbeidet ved å lage ei remse med luftmasker,
slik som med fingerhekling.
Men så viste mora mi ein betre måte å legge opp på, slik at opplegget blir finare og elastisk.
Det blir og lettare å stikke heklenåla ned i opplegget ved andre omgang.
Og faktisk kan ein bruke det til opplegg for strikking og!
Då tek ein opp masker langs kanten.
Her er opppskrift på korleis ein legg opp på denne måten:
Lag først ei løkke.
Stikk nåla inn i løkka
.
Du har fått ei ny løkke.
Fastmaske:
Stikk heklenåla tilbake ned i første løkke
. |
Ta eit kast med tråden rundt nåla og dra gjennom den første løkka.
Då får du to løkker.
Forsett med å hekle fastmasker.
Hekl vidare til opplegget er så langt eller breitt det skal vere.
Då er ein klar for å hekle omgang 2.
(ofte bruker 2. omgang å starte med ei eller 2-3 luftmasker).
Eller ein kan ta opp masker/løkker til strikkepinner, langs sida for vidare strikking :-)
Eller ein kan ta opp masker/løkker til strikkepinner, langs sida for vidare strikking :-)
Kommentarer
Legg inn en kommentar