Fora barnekjoler som kan brukast på begge sider.
Barnekjoler med for . Mønster frå det tyske sy magasinet "Sabrina Nähen" Nr. 14/2015
Diverse reste stoff kjøpt på Stoff og Still og Primula Design og litt gjenbruk.
Kjolane er vrangsydde. Klikk HER for å sjå korleis eg har vrangsydd kjolane.
Kjole av blå kordfløyel , ein stoffrest frå mamma og mønstra bomullstoff frå Stoff og Stil. Nede på kjolen har eg lagt opp det blå stoffet, mens eg har laga ei dobbel rynkekappe av bommulstoffet som er sydd på foret. Lomma er klipt i to stykker og vrangsydd. Lomma er sydd på framstykket før kjolen blir sydd samman.
Denne kjolen er eit skikkelig gjenbruk prosjekt! Det kvite stoffet var ein duk frå svigermor. Hjertet er er frå ei rosa blonde truse! Hjertet har eg tenga på frihand på eit stykke visofix, stroke visofixèn på baksida av blondestoffet. Klipt ut hjertet og stroke hjertet på farmstykket før eg sydde kjolen. Kjolen er fora med eit rosa bomull stoff fått av mamma. Eg har og sydd to rynke kappe på kjolen , ei på ytterstoffet og ei på foret.
Rynke på kappene har eg laga/ sydd ved hjelp av rynkeapparat som eg fester på mi Bernina 800 DL overlock symaskin.
Alle 4 kjolane er vrangsyd slik at dei kan brukast på begge sider då alle sårkanter er gjøymt inne i kjolen.
Retta
Vranga
Kjekt at ein kjole kan brukast på begge sider!
Kommentarer
Legg inn en kommentar